
Ja, desse papirlappane ein brukte å betale med før plastkorta si tid. Men sjekken lever framleis i beste velgåande, t.d i Frankrike, noko som kan forklara dei evig lange kassakøane der. Sjekkheftet er framleis rekna for den sikraste (?) og føretrekte betalingsforma for franskar i kledebutikken, daglegvarebutikken osb. Der sjekkane gjerne vert behandla maskinelt (?) med scanning, dekningssjekk, tasting og mykje fram og tilbake.
I USA tek ein no sjekken endå eit steg vidare inn i den digitale verda. Banken som betalar ut løn til amerikanske soldatar tilbyr no ein iPhone-applikasjon for sjekkmottakarar som vil overføre pengar. Løysinga er å fotografere begge sider av sjekken med telefonen. Programmet sender so sjekken tilbake til banken for vidare handsaming. Les meir
her.
PS. Nettbanken til Frankrikes største bank vart i mai 2009 oppgradert, slik at eg no kan overføra pengar til andre.
PSS. Sjekkhefte-påkledning er òg business som gjev sysselsetjing, sjå berre
her.